Tilbake til søkeresultater

Historie Utflukt: Frå Agder til Færøyane

Av Arendal Turistkontor

Tur tilgjengelig fra: juli

Pris fra
NOK 500
Lokal turisme
Direkte bekreftelse
Sikre betalinger
Neste tilgjengelige dato: 15 jul 2024

Om korleis Maria Hansdotter Rønning, frå garden Djupedal på Mosfjellheia i Birkenes, kom til Færøyane og blei stammor til ei stor Djuuhus-ætt der.  Det blir ein rundtur til Djupedal kor ho var fødd, vidare til Brekkestø i Lillesand der ho var i teneste då ho møtte Andrias Djuurhus som ho blei trulova med og følgde over til Færøyane

Andrias var på veg heim frå teologistudium i Køpenhamn hausten 1767 med skuta «Jubelfesten”.  Skuta blei råka av ein storm i Nordsjøen, og med ille medfaren rigg kom dei seg til land i Brekkestø der dei blei vinteren over for å få reparert skuta og vente på godt vêr når våren kom.  På turen får du høyre meir om denne jenta, om kjærleik, svik og ei rik etterslekt av mellom anna politikarar og forfattarar.  Son til Maria, Jens Christian Djuurhus, har skrive den kjende visa «Ormurin Langi».  Kanskje vi kan synge denne på turen – i det minste noen vers. 

Turen går så til Krisiansand der vi vitjar Christiansholm Festning.  Her lå det siste linjeskipet i den dansk-norsk flåten, «Prinds Christian Fredrik» som var att etter engelskmennenes «flåteran» Køpenhamn i 1807.   Då engelskmennene freista overta dette og tri andre skip, opna Christiansholm eld, og engelskmennen måtte gjere vendereis.   Deretter seilte «Prinds Christian Fredrik» ut og møtte sin sjebne – slik vi høyrer det i visa om denne ferda, visa  som er vald til færøyisk samdans til Nordlek2024.  Mange frå Agder var utskrivne som mannskap på skipets siste tur.

På turen har vi lokale historikarar som syner oss rundt og fortel.

 

.

Kjøpt billett refunderes ikke med mindre turen ikke kan gjennomføres.
Vi trenger minst 30 deltakere for å gjennomføre turen.

  • Guidet omvisning (starter 09:30 - 17:00)
  • Enkel lunsjservering.
  • Kan ikke refunderes

Oppmøtepunkt

Friergangen, Tyholmen (bussholdeplass vis à vis av inngangen til Thon Hotel Arendal)